Timewind

album av Klaus Schulze From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Timewind er det femte albumet til Klaus Schulze. Det kom ut i 1975 og var det første soloalbumet til Schulze der han nytta ein sekvensar.

Meir informasjon Klaus Schulze-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Oversyn

Albumet består av to spor, eit på kvar side av den originale vinylutgåva. Timewind har vorte kalla ein elektronisk versjon av ein indisk raga. Det minnar på mange måtar om Tangerine Dream-albumet Phaedra frå 1974 og det Berlinskulen gjorde. Føremålet med Timewind var å framkalle ein tidlaus tilstand hos lyttaren.

Titlane på dei to spora refererer til komponisten Richard Wagner. Bayreuth er byen i Bayern der Wagner hadde eit operahus bygd for den første framføringa den massive Ringsyklusen hans. Wahnfried er namnet på heimen til Wagner i Bayreuth.

«Bayreuth Return» vart improvisert fram med ein tospors lydbandopptakar på eitt forsøk. Rytmen er eit enkelt analog sekvenser-mønster, som vert transponert og manipulert i sanntid. «Wahnfried 1883» er på den andre sida eit langsamt stykke som vart komponert på førehand og spelt inn med fleire lydspor oppå kvarandre.

Remove ads

Innhald

Disk 1

Alle spor skrivne av Klaus Schulze

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Disk 2

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Heile disk to er bonusspor på CD-utgåva.

Medverkande

  • Klaus Schulze – ARP 2600, ARP Odyssey, EMS Synthi-A, Elka String Synthesizer, Farfisa Professional Duett Orgel og Piano, Sequencer.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads