Tiompan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

Tiompán (irsk), tiompan (skotsk gælisk) eller timpan (walisisk) var eit strengeinstrument[1] som musikarar brukte i Irland og Storbritannia i mellomalderen.

Ordet timpán var både hannkjønn og hokjønn i klassisk irsk. Det er sett fram teoriar om at det er avleidd frå det latinske ordet tympanum (tamburin eller pauke), og det verker som om timpán er blitt brukt i nokre gamle tekstar om trommer. Det er ikkje uhøyrt for namn på trommer og strengeinstrument å vera i slekt, som trommenamnet tambour som i opphavet stammar frå det persiske strengeinstrumentet tambūr (بور). Både tympanum og tambūr kan vera i slekt med det greske ordet pandoûra (πανδοῦρα).[2] Ein trur også at tiompán var ei slags lyre, eller ein langhalsa lutt.[3] Mellomaldertekstar om tiompan har nemnd at instrumentet skil seg frå cruitar med ni strenger, og at tiompan vanlegvis hadde tre strenger. Desse kjeldene viser òg til fingertuppar og -sider brukte på strenger, truleg for å pressa strengene og få dei til å produsere høgare tonar. Kjelder nemner strenger av metall, ofte bronse, og med tanke på perioden tiompanar var til, er det meir truleg at ein fekk lyd frå strengane ved å klimpra dei enn at ein nytta boge på dei.[4] Det er stor sjanse for at namnet blei brukt om andre instrument i tidleg moderne tid.

Dokumenterte tiompanspelarar er mellom anna Maol Ruanaidh Cam Ó Cearbhaill (drepen 1329) og Finn Ó Haughluinn (død 1490), den siste dokumenterte spelaren av instrumentet.

I moderne irsk tradisjonsmusikk blei ordet «tiompan» brukt av Derek Bell etter Francis William Galpin for å visa til dulcimer. Andre hypotetiske reproduksjonar liknar det waliske instrumentet crwth, og gammalgresk og romersk pandura.[5]

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads