Tipplers Tales

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tipplers Tales er eit album av Fairport Convention frå 1978. Det vart spelt inn på berre ti dagar,[1] og var det siste albumet bandet spelte inn for Vertigo. Simon Nicol skreiv seinare

«Vi fekk oss ein avtale med Vertigo, den som enda med at dei betalte oss for å ikkje lage fleire album. det virka som ei nyhende, som Marx Brothers-linka: 'Kor mykje skal du ha få å IKKJE øve?' 'Åh, det har du ikkje råd til'. Vi gjorde Bonny Bunch og Tipplers Tales og ikkje dei fire andre albuma som var i kontrakten.»[2]
Meir informasjon Kritikk, Fairport Convention-kronologi ...

Dave Pegg sa seinare:

«Det var ikkje så mykje pengar. Det var kring £30 000. Det var førte gong me hadde tent så mykje pengar på musikken. Me fekk noko slikt som £7000 kvar. Det var meir penga enn me nokon gong hadde hatt før. Dette var i 78 og det gjorde at me kunne avslutte bandet.»[1]

Tipplers Tales vart av Allmusic skildra som «ikkje eit konseptalbum, sjølv om alkohol går mykje igjen i dei tradisjonelle songane»,[3] men likevel «gjer det bandet kan best, ta nokre fine, gamle tradisjonelle engelske jiggar, reels og tradisjonelle soger og set sitt eige folkrockmerke på dei».[3] Etter Tippler's Tales gjekk det sju år før neste Fairport-album kom ut, Gladys' Leap i 1985.[3][4]

Fleire tradisjonelle folkeviser hadde tidlegare vorte spelt inn av A.L. Lloyd i lag med Dave Swarbrick. Versjonen av «John Barleycorn» ligg nær versjonen som Traffic spelte inn, sidan Steve Winwood hadde lært songen av The Watersons.[5] Melodien er basert på «Wir Pflügen» av Johann Schultz, betre kjend som «We Plough the Fields and Scatter», ein gammal engelsk hausttakkefest-song.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av tradisjonelle, bortsett frå der andre er nemnde.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Personnel

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads