Tira i Israel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tira (arabisk الطـّيرة, al-Tira, hebraisk skrift טִירָה, tyder «Fortet»[2] er ein hovudsakleg arabisk by i Det sentrale distriktet i Israel. Mot slutten av 2009 hadde byen eit folketal på 22 600.[1] Han er ein del av Triangelet, ei samling av israelsk-arabiske byar og landsbyar nær Den grøne linja.

Tira ligg nær Kfar Saba, ein større jødisk by, og er velkjend i området for den vekentlege utandørsmarknaden, i tillegg til sin arabiske mat.
Remove ads
Historie
På 1100-talet, under krossfarane, vart landsbyen eigd av Johannesordenen. Han vart leigd ut til Robert av Sinjil og arvingane hans. På 1300- og 1400-talet var Tira stoppestad på vegen mellom Gaza og Damaskus,[3] og det vart bygd ein khan.[4]
Seint på 1800-talet vart Tira skildra som: «Ein lett synleg landsby på ein knaus på ei slette, omgjeve av oliven, med ein brunn på vestsida.»[5]
I folketeljinga i 1931 hadde Tira 380 busette hus og eit folketal på 2 190 muslimar og to kristne.[6] I 1945 hadde han 3 180 arabiske innbyggjarar, som i alt eigde 26 803 dekar land.[7]
Remove ads
Venskapsbyar
Tira er venskapsby med:
Sjå òg
- Arabiske stader i Israel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads