Tiraspol
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tiraspol (moldovsk kyrillisk Тираспол, russisk Тирасполь) er den nest største byen i Moldova og hovudstaden og det administrative senteret i det de facto sjølvstendige, ikkje-respekterte området Transnistria. Byen ligg på austsida av elva Dnister og har mykje forskjellig lettindustri, som produksjon av møblar og elektriske varer.
Tiraspol vart grunnlagd av den russiske generalen Aleksander Suvorov i 1792.[2] Byen feriar årsdagen sin kvar år den 14. oktober.[3]
Remove ads
Administrativ inndeling
Formelt sett er Tiraspol ein større bykommune (municipiu) i den autonome regionen Venstre breidd av Dnister i Moldova, og tilliks med Chișinău og Bălți, blir han rekna å vere på samme nivå som dei 32 distrikta som landet er delt inn i.[4]
Innanfor Transnistria har Tiraspol status som bykommune på nivå med dei fem distrikta. Til bykommunen Tiraspol blir òg rekna:[5]
- byen Dnestrovsc, av Moldova rekna som ein sjølvstendig mindre bykommune (oraș) i regionen Venstre breidd av Dnister
- bydelen Tiraspolul Nou, av Moldova rekna som ein sjølvstendig mindre bykommune i regionen Venstre breidd av Dnister
- landsbyen Cremenciug, av Moldova rekna som ein landkommune i distriktet Căușeni
Folketal
Resultat frå dei to siste folketeljingane. For 2015 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads