Titus Pomponius Atticus

romersk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Titus Pomponius Atticus (109 f.Kr.-32. f.Kr.) var ein romersk riddar (equites). Som ung studerte han mange år i Aten, ein by han elska, derav namnet Atticus (jamfør Attikí). I Roma heldt han seg utanfor den politiske scena og sysselsette seg med litterært arbeid. Samstundes dyrka han vennskap med Cicero og andre framståande romarar. Han dreiv det ei stor forlagsverksemd, ved at han let bøker bli avskrivne av slavar. Atticus sine eigne verk har diverre gått tapt for ettertida. Derimot tok han vare på breva han fekk frå Cicero, og det er takk vere Atticus at vi at vi idag har så mange brev or handa åt Cicero.[1] Mange av breva er omsette til norsk riksmål av Samson Eitrem i Cicero og hans tid (1910) og av Henning Mørland i Cicero. Brev (1973).

Remove ads

Kjelder

  • Atticus, Titus Pomponius (1978). I Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. 1 : a-Bem (s. 502). Oslo: Kunnskapsforlaget.

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads