Tityrafamilien

familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Tityrafamilien
Remove ads

Tityrafamilien er ein biologisk familie Tityridae av sporvefuglar som lever i neotropisk skogshabitat. Dette er små til mellomstore fuglar. Dei fleste har relativt kort stjert og stort hovud.

Kjappe fakta

Dei vel 30 artane i familien var tidlegare spreidd over tre andre familiar.

Remove ads

Systematikk, taksonomi

Thumb
Kransbekard, Pachyramphus castaneus
Foto: Dario Sanches
Thumb
Masketityra, Tityra semifasciata
Foto: Flickr-brukar Z emlinki
Thumb
Storbekard, Pachyramphus validus
Foto: Dario Sanches

Eksistensen av familien Tityridae vart først foreslått i 1989 basert på morfologi av fleire eigenskapar med syrinx og skjelett, sjølv om han den gongen berre var handsama som ein klade.[1] Det er typisk for artane i tityrafamilien er at dei har vore ekstremt krevjande å plassere inn i eit taksonomisk system. Dei vel 30 artane i familien var tidlegare spreidd over familiane tyrannar Tyrannidae, manakinar, Pipridae og kotingaer, Cotingidae. Denne nye familien er tenkt å innehalde to grupper av systerkladar, Tityra, tityraer, i tillegg til Pachyramphus, bekardar saman med Xenopsaris, halvbekard. Attåt dette kjem ein tredje klade som inneheld Laniocera, sørgjefuglar, Schiffornis, despotar og Laniisoma, fagersørgjefugl.

Andre takson, som ein mogleg klade av slektene Onychorhynchus, krontyrann, Terenotriccus, raudhaletyrann, Myiobius, fire andre tyrannar og ein siste klade Oxyruncus, skarpnebb, er alle haldne utanfor tityrafamilien framtil relasjonane er betre utgreia enn dagens status.[2]

Remove ads

Morfologi

Det er få felles iaugefallande trekk ved morfologien i familien. Alle har nokså oppreist kroppstilling med relativt stort hovud, nokså kraftig og rettpeikande nebb, nokre med ein krokforma nebbspiss. Beina er ganske korte, halen er kort eller mellomlang og har rett bakkant. Fjørdrakta er særs varierande i farger. Kvar art av tityraer og bekardar har ofte ei blanding av fleire farger inkludert kvit, brun, grå og svart. Sørgjefuglar og nokre bekardar har meir iaugefallande gult til grønt eller raudbrunt til kanelbrunt. Det er ein sterk tendens til kjønnsdimorfisme i fjørdrakt. Hos nokre bekard-artar i Pachyramphus, til dømes, har hannar lys grå underside, mørk eller nær svart rygg og krone, medan hofuglar av same arten syner gul underside og grøn eller kanelbrun overside. Men hos somme artar i denne slekta er kjønna like.

Kroppslengda kan ha en medianverdi på rundt 14 til 15 centimeter, varierande frå 9,5 cm hos dvergpurpurdusk til 22,5 cm for masketityra.

Remove ads

Habitat

Dei føretrekte habitata varierer frå art til art. Fleire artar lever i tropisk regnskog, i tåkeskog, andre i meir opne område frå havnivå opptil over 3000 moh. Ein kan til dømes finne storbekard i over 3500 moh. over Urubamba i Peru. Det totale utbreiingsområdet for familien rekker frå Paraguay og søraustre Argentina i sør gjennom mykje av Sør-Amerika og Mellom-Amerika til nordlege Mexico. Ein art finst på Jamaica. Familien er ikkje utbreidd vest for Andes sør for Peru.

Desse fuglane er skildra som altetande har har diett av insekt, små virveldyr, frukt og bær.

Hekking

Blant artane der hekkebiologien er kjent, finn ein monogame par der begge foreldra syter for avkommet. Nokre artar, som tityraer, bygger reiret inne i holrom i trestammar, bekardar lagar komplekse konstruksjonar som er hengt opp i tre, nokre av desse kan ha rom i to ulike høgder. Grøndespotar har meir ordinære koppforma reir i tregreiner.

Status og vern

Dvergpurpurdusk og skiferbekard er klassifiserte som sterkt trua (EN) av IUCN og tap av habitat med avskoging og defragmentering er det sterkaste trugsmålet. Ein art er klassifisert som nær trua, elles er alle andre artar rekna som livskraftige.

Artsliste

Tityridae i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Tityra

  • Benediktinertityra, Tityra cayana, Black-tailed Tityra, Linné, 1766, (LC)
  • Svartkronetityra, Tityra inquisitor, Black-crowned Tityra, Lichtenstein, MHK, 1823, (LC)
  • Masketityra, Tityra semifasciata, Masked Tityra, von Spix, 1825, (LC)

Slekt Schiffornis

  • Rustdespot, Schiffornis major, Varzea Schiffornis, Des Murs, 1856, (LC)
  • Olivendespot, Schiffornis olivacea, Olivaceous Schiffornis, Ridgway, 1906, (LC)
  • Norddespot, Schiffornis veraepacis, Northern Schiffornis, Sclater, PL & Salvin, 1860, (LC)
  • Fjellfotdespot, Schiffornis aenea, Foothill Schiffornis, Zimmer, JT, 1936, (LC)
  • Rustvengdespot, Schiffornis stenorhyncha, Russet-winged Schiffornis, Sclater, PL & Salvin, 1869, (LC)
  • Brundespot, Schiffornis turdina, Brown-winged Schiffornis, zu Wied-Neuwied, 1831, (LC)
  • Grøndespot, Schiffornis virescens, Greenish Schiffornis, Lafresnaye, 1838, (LC)

Slekt Laniocera

  • Gråsørgjefugl, Laniocera hypopyrra, Cinereous Mourner, Vieillot, 1817, (LC)
  • Skjelsørgjefugl, Laniocera rufescens, Speckled Mourner, Sclater, PL, 1858, (LC)

Slekt Iodopleura

  • Amazonpurpurdusk, Iodopleura isabellae, White-browed Purpletuft, Parzudaki, 1847, (LC)
  • Sotpurpurdusk, Iodopleura fusca, Dusky Purpletuft, Vieillot, 1817, (LC)
  • Dvergpurpurdusk, Iodopleura pipra, Buff-throated Purpletuft, Lesson, R, 1831, (EN)

Slekt Laniisoma

  • Fagersørgjefugl, Laniisoma elegans, Shrike-like Cotinga, Thunberg, 1823, (NT)

Slekt Xenopsaris

  • Halvbekard, Xenopsaris albinucha, White-naped Xenopsaris, Burmeister, 1869, (LC)

Slekt Pachyramphus

  • Grønryggbekard, Pachyramphus viridis, Green-backed Becard, Vieillot, 1816, (LC)
  • Haukbekard, Pachyramphus versicolor, Barred Becard, Hartlaub, 1843, (LC)
  • Skiferbekard, Pachyramphus spodiurus, Slaty Becard, Sclater, PL, 1860, (EN)
  • Gråbekard, Pachyramphus rufus, Cinereous Becard, Boddaert, 1783, (LC)
  • Kanelbekard, Pachyramphus cinnamomeus, Cinnamon Becard, Lawrence, 1861, (LC)
  • Kransbekard, Pachyramphus castaneus, Chestnut-crowned Becard, Jardine & Selby, 1827, (LC)
  • Kvitvengbekard, Pachyramphus polychopterus, White-winged Becard, Vieillot, 1818, (LC)
  • Gråryggbekard, Pachyramphus albogriseus, Black-and-white Becard, Sclater, PL, 1857, (LC)
  • Grånakkebekard, Pachyramphus major, Gray-collared Becard, Cabanis, 1847, (LC)
  • Svartkronebekard, Pachyramphus marginatus, Black-capped Becard, Lichtenstein, MHK, 1823, (LC)
  • Svartryggbekard, Pachyramphus surinamus, Glossy-backed Becard, Linné, 1766, (LC)
  • Rosenstrupebekard, Pachyramphus aglaiae, Rose-throated Becard, Lafresnaye, 1839, (LC)
  • Jamaicabekard, Pachyramphus niger, Jamaican Becard, Gmelin, JF, 1788, (LC)
  • Sotbekard, Pachyramphus homochrous, One-colored Becard, Sclater, PL, 1859, (LC)
  • Smykkebekard, Pachyramphus minor, Pink-throated Becard, Lesson, R, 1831, (LC)
  • Storbekard, Pachyramphus validus, Crested Becard, Lichtenstein, MHK, 1823, (LC)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads