Tyrannfamilien

familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Tyrannfamilien
Remove ads

Tyrannar, Tyrannidae, er ein familie av sporvefuglar, ordenen Passeriformes. Dette er ein familie med utbreiing utelukkande i «den nye verda», og finst i heile Nord- og Sør-Amerika, men i hovudsak har dei ein tropisk distribusjon. Dette er den største gruppa av fugleartar som er samla i ein familie, han har ca. 450 artar.[1] Dette er òg den mest artsrike familien i alle amerikanske land, bortsett frå i USA og Canada. Ikkje uventa for ein familie med så mange artar, så varierer medlemmene sterkt både i form, mønstre og fargar. Nokre tyrannar liknar tilsynelatande på flugesnapparar i «den gamle verda».

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Dei fleste, men ikkje alle, er ganske lite iaugefallande, og mange har oppreist fjørtopp på hovudet. I åtferd varierer dei òg mykje: frå dei små og sky spadenebb som lever i tett skog, til kongetyrannar som er større, dristige og lever gjerne nær menneske. Som namnet på engelsk ymtar om, Tyrant flycatcher, er dei fleste insektetarar, men somme tar frukt eller små virveldyr, for eksempel små froskar. Dei to minste artane i familien, kortstjertknøttyrann og svartkroneknøttyrann, er nært i slekt. Med ei total lengd på berre 6,5-6,8 cm og ei vekt på 4-5 gram, så er dette den minste sporvefuglen på jorda. Den største tyrannen er den store storrovtyrann på 29 cm og 88 gram. Nokre få artar som strimmelstjerttyrann og gaffeltyrann har ei større totallengd, hovudsakleg på grunn av lange stjertfjører.

Remove ads

Habitat og utbreiing

Artsrikdommen i Tyrannidae varierer mykje med habitat. Habitat i eviggrøne tropiske skogar har høgast utval av artar. Minst diversitet har mellom anna habitat med palmeskog, elver, høglandsmåskog og nordlege grassletter. Tyrannane er svært spesialiserte i eviggrøne tropiske skogar, til dømes har slike habitat i lågland 49 endemiske artar og i eviggrøne tropiske skogar høgland 46 endemiske artar. Atlanterhavsskogen har signifikant høgast artsmangfald, med økoregionar i strekket frå austlegaste Panama gjennom Colombia og Ecuador vest for Andes til nordvestlegaste Peru tett bak.[treng kjelde]

Nordlege artar inkluderer dei 14 empidar (Empidonax), tre fibiar og vestkongetyrann. Dei overvintrar typisk i Mellom-Amerika og trekker nord for hekking, men oreempid overvintrar så langt sør som nordlege Argentina og hekkar i nordlegaste Nord-Amerika inkludert Alaska. Granempid, jakkepivi og brunfibi er andre som hekkar i Alaska. Kvitbrynmarktyrann er ein «australmigrant», hekkar sør i chilensk og argentinsk Patagonia og lever elles nordover langs Andesfjella nord til og med Ecuador.[2] Gulaugemeisetyrann er skildra som ein standfugl med vid utbreiing i sørlege Argentina og Chile inkludert Eldlandet, og dessutan i høgtliggande område langs Andes nord til sørlege Colombia.[3]

Remove ads

Status og vern

I 2024 vurderte BirdLife International (og dermed IUCN) to artar – alagoasbladdansar, Phylloscartes ceciliae og fuglekongetyrann, Calyptura cristata – som kritisk truga. Begge er endemiske for Brasil. I tillegg var sju artar rekna som truga og femten som sårbare. Men ca. 90 % av artane er klassifiserte som livskraftige.[4]

Systematikk

Namnet på familien kjem frå ei tidleg skildring av den austlege austkongetyrann som «tyrannen», skrive av naturforskaren Mark Catesby på 1730-talet. Carl von Linné tok seinare opp dette namnet og brukte det på heile tyrannfamilien, då han beundra arbeidet til Catesby.[5]

Ein del artar i fire slekter som tidlegare var plasserte i denne familien, er no rekna til tityrafamilien Tityridae. Dette er slektene Tityra, Pachyramphus, Laniocera og Xenopsaris var tidlegare rekna til denne familien, men nyare forsking kom til at dei høyrer heime i tityrafamilien.[6]

Per 2025 inneheld familien 445 artar fordelte på 106 slekter.[7]

Meir informasjon Bilete, Slekt ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads