Tjuekrone

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tjuekrone
Remove ads

Tjuekrone eller tjuekroning vart frå 1874 til 1910 utmynta i gull som norsk hovudmynt. Frå 1994 har tikronen vore utmynta som ordinær skiljemynt.

Thumb
Tjuekrone frå 1874
Thumb
Framsida til ei tjuekrone frå 1994
Thumb
Baksida

Gulltjuekrona

Etter Lov om Pengevæsenet, vedteken 17. april 1875, skulle 124 tjuekronestykke innehalde 1 kilogram fint gull. Mynten skulle vere framstilt av myntgull med 90 vektdelar gull og 10 vektdelar kopar. Diameteren skulle vere 23 mm.

Den første utgåva hadde valøren oppgitt både i 5 spd og 20 kroner. Utgåva frå 1910 hadde portrettet av Håkon VII på adversen og Heilag-Olav på reversen.

Skiljemynt

Tjuekrona kom som skiljemynt i 1994. Mynten har eit portrett av kongen på adversen og stamnen på eit vikingskip og valøren 20 KR på reversen. Under skipet står pregeåret med merket til Den Kongelige Mynt (no Det Norske Myntverket), krosslagd hammar og bergjarn. Fram til og med 2006 hadde reversen òg initialane til myntdirektøren.

Minnemynt

Ved særskilde høve er tjuekrona gitt ut som minnemynt. Slik mynt kan vere ordinær skiljemynt.

Meir informasjon År, Tal prega ...
Remove ads

Myntane

Meir informasjon Myntherre, Metall ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads