Tlingitfolk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tlingitfolk (tlingit, thlinget eller tlinkit) er ei nordamerikansk urfolksgruppe som taler eit na-dené-språk. Det tradisjonelle busetjingsområdet til tlingitane strekkjer seg frå kystområda i det søraustlege Alaska i USA og inn i Britisk Columbia og Yukon i Canada.

Tlingitane førte ein langvarig kamp mot dei russiske inntrengjarane då heimlandet blei kolonisert av Russland. I 1802 klarte dei å overmanna den russiske garnisonen i Fort Sankt Mikael (nær det noverande Sitka), drap dei fleste russarane der og brende ned fortet. Eit liknande angrep lukkast mot Yakutat i 1804.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads