Tolimaflorkrone
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tolimaflorkrone (Anthocephala berlepschi) er ein kolibriart i underfamilien Lesbiinae. Han er endemisk for det sentrale Colombia.
Dette taksonet var fram til 2015 ein underart av A. floriceps, tidlegare kjent som florkronekolibri, i dag santamartaflorkrone. Status per september 2018 er at dei to 'florkrone'-kolibriane er anerkjente av både Clementslista[1] og av IOC-lista.[2]
Remove ads
Skildring
Tolimaflorkrone har utsjånad som skil seg lite frå systerarten: 8,4 centimeter i kroppslengd, og har grønleg overside som slår over i oransje mot overgumpen, undersida er gråbrun og vengene mørke. Nebbet er relativt kort, svart og rettpeikande. Dei har ein liten, kvit panneflekk og raudleg krone, meir brun hos hofuglar. Undersida av halefjørene utgjer skilnaden i fjørdrakt mellom systerartane. Hos santamartaflorkrone finn ein eit lyst, beige endeband, hos tolimaflorkrone er dette feltet breiare og heilt kvitt.
Tolimaflorkrone beitar i underskog av fuktig alpin skog, 1200 til 2400 moh. Leveområdet har ei nord-sør utstrekning i den austlege dalsida av den sentrale fjellkjeda av Andes, i Magdalenadalen. Dette er litt innanfor departementa, Quindío, Tolima og kanskje Huila. Den nordlege delen av dette området ligg om lag 100 kilometer vest for Bogotá.[3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads