Tolmatsjova-systrene
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tolmatsjova-systrene er ein duo sett saman av tvillingsystrene Anastasija og Marija Tolmatsjova frå Kursk i Russland. Systrene vart fødd 14. januar 1997.
Eurovision
Under deltakingane i Eurovision har dei brukt det engelske namnet Tolmachevy Sisters.
Junior Eurovision Song Contest 2006
Tolmatsjova-systrene vart vald til å representere Russland i Junior Eurovision Song Contest 2006 i Bucureşti i Romania. Dei deltok med songen «Vesennij dzjaz», som dei framførte på russisk. Bidraget vann med 154 poeng; tolv frå Kviterussland, Belgia, Kroatia, Romania, Serbia, Sverige og Ukraina, ti frå Kypros, Hellas, Portugal, Spania og Nederland og fire frå Makedonia og Malta. I tillegg fekk kvart land tolv bonuspoeng slik at ingen skulle stå att med null poeng.
Eurovision Song Contest 2009
I 2009 var systrene var ein del av opningsnummeret i den fyrste semifinalen då Eurovision Song Contest vart arrangert i Moskva i heimlandet Russland.
Eurovision Song Contest 2014
Tolmatsjova-systrene vart valde internt til å representere Russland i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Dei vil delta med songen «Shine», som vil verte framført på engelsk. Songen er skriven av Philipp Kirkorov, Dimítris Kontópoulos, John Ballard, Ralph Charlie og Gerard James Borg.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «The Tolmachevy Sisters» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads