Tom Morello

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tom Morello
Remove ads

Thomas Baptiste «Tom» Morello (fødd 30. mai 1964) er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, skodespelar og politisk aktivist. Han er mest kjend som medlem av bandet Rage Against the Machine og sidan i Audioslave. I 2016 var Morello medlem i supergruppa Prophets of Rage. Morello har òg turnert med Bruce Springsteen and the E Street Band.[1] Som soloartist har han kalla seg The Nightwatchman og Street Sweeper Social Club, som er hovudsakleg akustisk. Morllo har i lag med Serj Tankian skipa den ideelle organisasjonen Axis of Justice, som har eit program ein gong i månaden på radiostasjonen Pacifica Radio i Los Angeles.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Morello vart fødd i Harlem i New York og voks opp i Libertyville i Illinois, og vart interessert i musikk og politikk medan han var på vidaregåande skule. Han gjekk på Harvard University og tok bachelor i samfunnsfag. Etter det førre bandet hans, Lock Up vart oppløyst, møtte Morello Zack de la Rocha og i lag skipa dei Rage Against the Machine. Gruppa vart ei av dei mest populære og innverknadsrike rockegruppene i 1990-åra.

Han er mest kjend for den unike og kreative gitarspelestilen, med bruk av feedbackstøy, utradisjonell pluking og tapping, i tillegg til kraftig bruk av gitareffektar. Morello er kjend for det venstrevridde politiske synet sitt og aktivisme. I sideprosjektet The Nightwatchman kunne ha la desse politiske syna kome fram, samstundes som han spelte i det apolitiske Audioslave. Han vart rangert som den 40. beste gitaristen gjennom tidene av Rolling Stone.[2]

Remove ads

Utvald diskografi

Lock Up

  • Something Bitchin' This Way Comes - 1989

Rage Against the Machine

  • Rage Against the Machine - 1992 US 3x Platinum
  • Evil Empire - 1996 US 3x Platinum
  • Live & Rare - 1998
  • The Battle of Los Angeles, - 1999 US 2x Platinum
  • Renegades - 2000 US Platinum
  • Live at the Grand Olympic Auditorium - 2003

Audioslave

  • Audioslave - 2002 US 3x Platinum
  • Out of Exile - 2005 US Platinum
  • Revelations - 2006 US Gold

The Nightwatchman

  • One Man Revolution - 2007
  • The Fabled City - 2008
  • Union Town - 2011
  • World Wide Rebel Songs - 2011

Street Sweeper Social Club

  • Street Sweeper Social Club - 2009
  • The Ghetto Blaster EP - 2010

Bruce Springsteen

  • Wrecking Ball - 2012
  • High Hopes - 2014

Prophets of Rage

  • The Party's Over EP - 2016
Remove ads

Filmar

  • Saturday Night Live - Episode 21 i 1996 .... Musikalsk gjest - Rage Against the Machine
  • Star Trek: Insurrection - 1998 .... son av offiser
  • Star Trek: Voyager - Sesong 6, episode 20, 2000, «Good Shepherd» .... Crewman Mitchell
  • Made - 2001 .... Best Man
  • Berkeley - 2005 .... Blue
  • Metal: A Headbanger's Journey - 2005 .... seg sjølv
  • Iron Man - 2008 .... Insurgent #5
  • Chevolution - 2008 .... seg sjølv
  • Iron Maiden: Flight 666 - 2009 .... seg sjølv
  • Bruce Springsteen's High Hopes - 2014 .... seg sjølv
  • High Hopes In South Africa - 2014 .... seg sjølv
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads