Tomma
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tomma er ei øy i Nesna kommune i Nordland. Øya har eit areal på 47 km² og 116 innbyggjarar (2007). Den viktigaste næringsvegen er landbruk, ei anna viktig næring er fiskeoppdrett. Her finst mellom anna Noregs einaste oppdrett av flekksteinbit: Tomma Marin Fisk AS. Det er òg eit lite båtbyggeri, Tomma aluminium, som i hovudsak byggjer fiskebåtar.
Det er ferjesamband til tettstaden Nesna og øyane Handnesøya og Hugla. Ferja til «Nesna-øyene» korresponderer med buss frå Mo i Rana og hurtigbåt frå Bodø/Sandnessjøen.
Øya er populær som utfartsstad, og det er mogleg å fiske, dykke, gå på grotteturar og drive paraglidning. Det er mogleg å overnatte på Tomma hytteutleie eller på campingplassen i Tomsvika der det òg er gjesteplassar for båt. Postadressa hit er 8723 HUSBY.
Nokre av toppane på øya:
- Eidabelgen (217 moh.)
- Rundtinden (643 moh.)
- Tomskjevelen (922 moh.)
- Tomtinden (feilaktig kalla Breitinden på nokre kart) (818 moh.)
- Breidtomma (803 moh.)
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads