Toni Kroos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Toni Kroos (fødd 4. januar 1990 i Greifswald i Mecklenburg-Vorpommern) er ein tysk fotballspelar som har spela for Bayern München i tysk Bundesliga og for Tyskland sitt landslag.
Kroos kom til Bayern München sitt ungdomslag i 2006. Han debuterte for A-laget som 17-åring, 26. september 2007. Han spelte 12 ligakampar for Bayern i 2007/08-sesongen, då dei vart tyske seriemeistrar. Frå januar 2009 til sommaren 2010 var han på lån hjå Bayer Leverkusen. Han vart igjen seriemeister med Bayern i 2013 og 2014, var med på å vinna den europeiske Meisterligaen i 2013 og VM for klubblag same året.
Kroos debuterte for Tyskland sitt A-landslag 3. mars 2010 i ein privatlandskamp mot Argentina. Han var med i Tyskland sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte som innbytar i fire kampar: Den siste gruppekampen, mot Ghana, kvartfinalen, semifinalen og bronsefinalen. I fotball-EM i 2012 spelte han i fire av Tyskland sine fem kampar, tre gonger som innbyttar og éin kamp frå start.
Veslebroren hans, Felix, er òg profesjonell fotballspelar, i 2010/11-sesongen hjå Werder Bremen, med aldersbestemte landskampar for Tyskland.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads