Tons of Sobs

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tons of Sobs er debutalbumet til det britiske bandet Free. Det vart innspelt i slutten av 1968 i Morgan Studios i London. Albumet kom aldri på nokon britiske toppliste og vart korkje særleg populært i USA eller Europa, men det (og bandet) vert likevel rekna som eit av dei viktigaste i britisk blues.[1]

Meir informasjon Kritikk, Free-kronologi ...
Remove ads

Innspeling

Free var eit nytt band då dei spelte inn Tons of Sobs, og dei var svært unge. Andy Fraser, bassisten, var berre seksten år, medan Paul Rodgers, vokalisten, var 19 år gamal. På den fylgjande turneen var konsertane for det meste sett saman av songane på Tons of Sobs. Åtte av dei ti opphavlege spora på albumet er originale, noko som er mange i forhold til The Rolling Stones og The Beatles sine debutalbum.

Guy Stevens vart produsenten for albumet under Island Records, som valde ei minimalistisk haldning til produksjon: eit ekstremt lågt budsjett på 800 pund (7100 kr.). Albumet fekk då ein upolert og rå ljod - sjølv om uerfarenheita til bandet òg medverkar til dette.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
  • På nyare utgåver er spor 1-5 og spor 6-10 berre spor 1-10.
Remove ads

Medverkande

Free
Andre medverkande
  • Guy Stevens – produsent
  • Andy Johns – teknikar
  • Steve Miller – piano, hamrande piano
  • Mike Sida – plateomslagsfotograf
  • Richard Bennett Zeff – bandfotograf

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads