Tony Burrows

britisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Tony Burrows
Remove ads

Anthony «Tony» Burrows (fødd 14. april 1942) er ein engelsk studiovokalist som særleg var kjent og mykje brukt på 1970-talet med ei rekkje listetopper på UK Singels Chart og den amerikanske Billboard Hot 100.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Karriere

Tidleg på 1960-talet var han med i vokalgruppa The Kestrels saman med blant andre dei sentrale låtskrivarane Roger Greenaway og Roger Cook. Seinare vart han med i gruppa The Ivy League, og var enno med då denne vart ein del av gruppa The Flower Pot Men, saman med blant andre Jon Lord og Nick Simper, som seinare var med å danne Deep Purple. The Flower Pot Men hadde blant anna listetoppen «Let's Go to San Francisco» som blant anna nådde ein 9. plass i Noreg.

Seinare var Burrows med i ei rekkje små og store prosjekt og fekk ei rekkje listeplasseringer, blant anna med:

  • Edison Lighthouse og songen «Love Grows (Where My Rosemary Goes)» (februar 1970)
  • White Plains og songen «My Baby Loves Lovin'» (mars 1970)
  • The Pipkins og komisongen «Gimme Dat Ding» (april 1970)
  • Brotherhood of Ein med songen «United We Stand» (1970)
  • The First Class og songen «Beach Baby» (juli 1974)

I februar 1970 var han den einaste som nokon gong har opptredd i BBC-programmet Top of the Pops med songar for tre ulike grupper samstundes: Edison Lighthouse, White Plains og Brotherhood of Man.

Han har òg delteke på innspelingar med blant andre Elton John, Cliff Richards og James Last.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads