Tony McPhee

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tony McPhee
Remove ads

Anthony Charles McPhee (23. mars 19446. juni 2023) var ein engelsk gitarist og songar. Han var grunnleggjar av det engelske blues- og rockebandet The Groundhogs.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Karriere

McPhee fekk namnet «T.S.» - som står for «Tough Shit» - då han gav ut ein duettsingel med Champion Jack Dupree - med tittelen «Get Your Head Happy!» - i 1966. Produsent Mike Vernon foreslo å leggja til namnet til McPhee for å få det til å sjå meir ut som eit offisielt bluesnamn.[3]

The Groundhogs varma opp for Dupree og John Lee Hooker på konsertar i Storbritannia i midten av 1960-åra.[4] Bandet utvikla seg til ein bluesrocktrio som produserte tre britiske Top 10-album i Storbritannia tidleg på 1970-talet. Sjølv om dei har halde fram med å spela i ulike besetningar fram til i dag, trekte McPhee seg offisielt frå bandet i 2015.[5].

I 1973 gav McPhee ut eit soloalbum med tittelen The Two Sides of Tony (T.S.) McPhee. Side A på denne plata er bluesrock, og side B er ein enkelt psykedelisk kunstrock-komposisjon i fire satsar med Arp 2600-synthesizer, elektrisk piano og trommesynthesizeren The Rhythm Ace. Den har fått tittelen The Hunt, og utforskar den sterke haldninga til McPhee til jakt på rev og hjort.[6][7] McPhee gav òg ut mange andre solo akustisk bluesplater, og dessutan duettar med Jo Ann Kelly.[7]

Forutan Groundhogs spelte McPhee med Herbal Mixture, John Dümmer Band, Hapshash and the Coloured Coat, Tony McPhee's Terraplane, Tony McPhee's Turbo, Tony McPhee's Band,[8] og Current 93.[9]

Biografien til McPhee, skriven av Paul Freestone, vart gitt ut i 2012.[7]

Remove ads

Helseproblem og død

I 2009 vart McPhee ramma av hjerneslag, noko som påverka talen og evna til å syngja.[10][11]

McPhee døydde 6. juni 2023 av komplikasjonar etter eit fall året før. Han vart 79 år gammal.[12]

Solodiskografi

  • 1966 Ain't Gonna Cry No More – Someone to Love Me
  • 1966 You Don't Love Me When You Gotta Good Friend
  • 1968 Me and the Devil – ymse artistar
  • 1969 I Asked for Water – ymse artistar
  • 1971 Same Thing on Their Minds
  • 1973 Two Sides of Tony McPhee
  • 1991 The Blues and the Beast
  • 1993 Foolish Pride
  • 1996 Slide, T.S., Slide
  • 1996 Herbal Mixture-Groundhogs
  • 1997 Bleachin' the Blues
  • 2000 Live in Poland at Blues Express
  • 2004 Blues at Ten

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads