Tony Peluso
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tony Peluso (28. mars 1950–5. juni 2010) var ein USA-amerikansk gitarist og plateprodusent. Han var sologitarist for popduoen Carpenters frå 1972 til 1983.
Peluso er kanskje mest kjend for fuzzgitarsoloen på Carpenters-songen «Goodbye to Love», og som DJ-etterlkining i opninga av «Calling Occupants of Interplanetary Craft».
Peluso arbeidde ei stund med Bobby Sherman og Paul Revere & the Raiders[1] as i tillegg til bandet Instant Joy for Mark Lindsay før han arbeidde med Carpenters.[2]
Etter Karen Carpenter døydde i 1983, vart Peluso plateprodusent. Han arbeidde det neste tiåret for Motown Records med artistar som Smokey Robinson, The Temptations, the Four Tops og Michael Jackson.[3]
Peluso var produsent og/eller lydteknikar for artistar som Kenny Loggins, Seals and Crofts, Apollonia Kotero, Player, Animotion, Stephanie Mills, The Triplets, Bloc, The Fixx, Dave Koz og Boyz II Men.[3]
Peluso vann fire Grammy-prisar gjennom karrieren sin og har delteke på plateinnspelingar som har selt i alt 150 millionar eksemplar.
Han døydde 60 år gammal i Los Angeles den 5. juni 2010 frå ein hjartesjukdom.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads