Tooji

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Touraj Keshtkar, kjend som Tooji Keshtkar eller berre Tooji, (fødd 26. mai 1987 i Shiraz) er ein norsk songar, modell og programleiar. Då han var eitt år kom han til Noreg frå Iran saman med mora Lily.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Han starta å jobbe som modell då han var 16 år og etter å ha jobba som modell starta han som programleiar for Super Saturday og Toojis Top 10MTV Norge. I 2008 starta han med musikk og gav mellom anna ut singelen «Swan Song».

Remove ads

Melodi Grand Prix og Eurovision Song Contest

Han enda på andreplass i den tredje delfinalen i Melodi Grand Prix 2012 med songen «Stay» og gjekk vidare til finalen. I finalen gjekk han vidare til gullfinalen og vann Melodi Grand Prix 2012. Han fekk dimed representere Noreg i Eurovision Song Contest 2012.

Tooji deltok i den andre semifinalen i Baku den 24. mai 2012 med «Stay». Songen gjekk vidare til finalen, men enda på ein absolutt sisteplass med 7 poeng.

Saman med Margrethe Røed var han programleiar for Melodi Grand Prix Junior i Oslo Spektrum 1. september 2012.[1] Tooji vart vald ut som programleiar etter at Vegard Olsen måtte trekkje seg av di han arrangerte ein fest der aktivistgruppa Fuck for Forest deltok.[1][2]

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads