Toppskarv
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Toppskarv (Phalacrocorax aristotelis) er ein sjøfugl som hekkar i koloniar. Fuglen høyrer til skarvfamilien.
Remove ads
Utbreiing
Toppskarven finst i nordlege og vestlege Europa. I Noreg hekkar han i kystområde på Vestlandet, i Trøndelag og i Nordland.[2]
Utsjånad
Han er svart og ganske kort. Namnet kjem frå det karakteristiske hovudet som får ei særeigen «sløyfe» hos hannane i paringstida. Fuglen er derfor lett å skilje frå andre artar, men kan særleg vinterstid forvekslast med storskarv.
Levemåte

Hoa legg 2-3 lyseblå egg i mai. Begge foreldra rugar, rugetida er 30 dagar. Ungane vert mata med oppgulpa fisk. Dei blir i reiret i over 50 dagar.
Toppskarven overvintrar vanlegvis i Noreg.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads