Toralf Engan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Toralf Engan
Remove ads

Toralf Engan (fødd 1. oktober 1936) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Hølonda i Melhus. Han vart i 1962 verdsmeister i normal bakke. I 1962/63 vann han den tysk-austerrikske hoppveka samanlagt, etter å ha vunne tre av dei fire renna. Engan vart olympisk meister i stor bakke under Vinter-OL 1964 i Innsbruck og vann dessutan sølvmedalje i normal bakke.

Kjappe fakta

I 1962 vart Engan tildelt Morgenbladets Gullmedalje og Holmenkollmedaljen. Han vart i tillegg kåra av norske sportsjournalistar til Årets idrettsnamn. Etter OL i 1964 fekk han òg Fearnleys olympiske ærespris.

Engan var medlem i Idrettslaget Leik.

Remove ads

Meisterskapsmedaljar

Meir informasjon Medalje, Øving ...
Meir informasjon Medalje, Øving ...

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

  • 1957: Nr 9 i Garmisch-Partenkirchen
  • 1960: Nr 2 i Holmenkollen, nr 3 i Svenska skidspelen i Transtrand
  • 1961: Vinnar av Svenska Skidspelen i Falun
  • 1962: Vinnar i Holmenkollen og Svenska Skidspelen i Falun
  • 1963: Vinnar av dei tre fyrste renna i den tysk-austerrikske hoppveka og samanlagtvinnar, og vinnar av Svenska Skidspelen i Falun
  • 1964: Nr 2 i Holmenkollen
  • 1965: Nr 3 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Remove ads

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads