Toralv Maurstad
norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Toralv Maurstad (24. november 1926–4. november 2022)[1] var ein norsk skodespelar, regissør og teatersjef frå Bærum. Toralv Maurstad var sonen til Alfred Maurstad. Han tok utdanning som skodespelar ved Royal Academy of Dramatic Art i London, og debuterte ved Trøndelag Teater i 1949. Han fekk gjennombrotet sitt som Holt i Det lykkelige valg. Han var tilsett ved Det Nye Teater i perioden 1951–1954, og var ved Nationaltheatret i perioden 1954–1967. Maurstad var teatersjef for Oslo Nye Teater i perioden 1967–1978, og for Nationaltheatret i åra 1978–1986. Etter 1986 var han frilansar. Han var òg godt kjend for rolla si som Georg Anker-Hansen i TV2-serien Hotel Cæsar.
Remove ads
Utmerkingar
- I 1962 vann Maurstad Aamot-statuetten.
- I 1974 vart Toralv Maurstad slått til Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden
- I 1991 tok Maurstad imot Hedda-prisen for sin årelange innsats for norsk teater.
- I 1999 vann han Amandaprisen sin heiderspris.
- I 2006 vart han tildelt Anders Jahres kulturpris.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads