Hotel Cæsar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hotel Cæsar
Remove ads

Hotel Cæsar er ein norsk dramaserie som har vart send på TV 2 frå 1998 til 2016 og deretter på TV 2 Sumo i 2017, før serien vart avslutta i slutten av 2017.[1] Den første episoden vart send 24. oktober 1998, og fram til 14. desember 2017 var det vorte send 3123 episodar, noko som gjer Hotel Cæsar til den lengstlevande såpeserien i Skandinavia gjennom tidene. Hotel Cæsar var lenge også den dramaserien i Norden som var vorten send lengst, men i april 2018 vart han forbigått av den finske såpeserien Salatut elämät (1999–).

Kjappe fakta Type, Sjanger ...

Mesteparten av innspelinga gjekk føre seg i Gamle Myrens Verksted i Oslo. Hotel Cæsar vart skapt av Peter Emanuel Falck og Christian Wikander, og vart produsert av produksjonsselskapet Metronome Spartacus.

Remove ads

Om serien

Handlinga i serien går føre seg i og rundt den styrtrike Anker-Hansen familien, og deira forretningsimperium. TV 2 sjølv beskriv serien slik: På hotellet utspiller det seg et drama preget av intens kjærlighet, og bitter maktkamp.

Anker-Hansen konsernet

Konsernet serien handlar om vart starta av Astrid Anker-Hansen etter krigen, og har sidan den gongen drive hotell rundt om i heile verda gjennom Cæsar-kjeda. Cæsar Hotels er ein av dei leiande hotellkjedene i verda, og Hotel Cæsar Oslo har heile tida vore hovudkontoret og sjølve «kronjuvelen» i forretningsimperiet. Under eit dramatisk styremøte våren 1978 tok sonen til Astrid, Georg Anker-Hansen, over leiinga av konsernet. Han sat som konsernsjef fram til han døydde i 1999. Då Georg døydde etterlét han heile konsernet til kona si Ninni Anker-Hansen (tidlegare Krogstad), og sidan den gongen har forholdet mellom familiane Anker-Hansen og Krogstad hatt ein svært sentral plass i serien.

Remove ads

Skodespelarar

Dagens vignettkarakterar

(Oppdatert 19. april 2012) Sortert etter fyrste sesong i serien

Meir informasjon Karakter, Rolle (pr. mai 2013) ...

Dagens gjestekarakterar

(Oppdatert 19. april 2012) Sortert etter fyrste sesong i serien

Meir informasjon Karakter, Rolle (pr. april 2012) ...

Tidlegare karakterar

(Oppdatert 19. april 2012) Sortert etter fyrste sesong i serien

Meir informasjon Rolle, Skodespelar ...

*Georg Anker-Hansen jr. blei spelt av Erika Alicia H. Tellmann (2000-?) og Stian Kjensli (?-2005)

Remove ads

Prisar

14. mars 2011 vann «Hotel Cæsar» prisen for «outstanding commercial achievement» på «The Shine Awards» som blei delt ut i London av Anna Anka.[2]

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads