Tord

mannsnamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tord er eit mannsnamn avleidde av Tor, som kjem frå det norrøne gudenamnet Þórr (Tor), med opphav i ordet þunrar, 'torden'.

Tord har norsk og svensk namnedag den 10. september. Tordis er eit nærskyld kvinnenamn.

Bruk

Tord har vore i bruk i Noreg sidan mellomalderen. I nyare tid tok bruken seg litt opp frå byrjinga av 1900-talet mot ein topp på over 0,19 % på 1990-talet. I 2009 var det 1475 norske menn som heitte Tord, og 55 som heitte Thord.

Tord var mykje brukt i Sverige på 1940- og 1950-talet.

Namneberarar

  • Tord Petersson Bonde (1300-talet), svensk riksråd
  • Tord Röriksson Bonde (d. 1417), svensk riddar og riksråd
  • Tord Karlsson Bonde (d. 1456), svensk riddar og riksråd
  • Tord Tamerlan Teodor Thorell (1830–1901), svensk arkeolog
  • Tord Wilhelm Edvard Stål (1906–1972), svensk skodespelar
  • Tord Georg Bernheim (1914–1992), svensk skodespelar
  • Tord Grip (f. 1938), svensk fotballspelar og trenar
  • Tord Boontje (f. 1968), nederlandsk formgjevar
  • Tord Gustavsen (f. 1970), norsk jazzmusikar
  • Tord André Lien (f. 1975), norsk politikar (FrP)
  • Tord Asle Gjerdalen (f. 1983), norsk langrennar
  • Tord Hovden (f. 1996), norsk fotballspelar
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads