Tore Strømøy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tore Strømøy (fødd 19. februar 1960) er ein norsk journalist, programleiar, forfattar og tidlegere idrettsmann.
Strømøy vart fødd i Frøya i Trøndelag. Han byrja arbeidet som journalist som vikar i Arbeider-Avisa i 1984 og i Adresseavisen i 1985. Året etter vart han tilsett i Hitra-Frøya der han med base på Frøya skulle ta opp konkurransen med Frøyavisa. Sommaren 1986 vart han ansett i NRK Trøndelag som radioreportar. I 1991 byrja han i NRK-fjernsynet.
Strømøy er mest kjend for tv-programmet Tore på sporet, men har og arbeida med TV-seriar på NRK som Go'fot på låven, Tett på og På loffen.
Han vart kåra til «Årets TV-navn» 1996, 1997 og 2000.
Strømøy har og gitt ut ei rad bøker. I 2008 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med barne- og ungdomsboka Isprinsessen (Gyldendal Norsk Forlag). Boka handlar om ein kvinneleg arkeologstudent som trur at ho har funne grava til Leiv Eriksson utanfor Munkholmen i Trondheimsfjorden. I handlinga til boka finn ho eit sverd, men vert så utsett for eit drapsforsøk. Det tok han nesten ti år å skrive denne boka.
Strømøy er i dag busett på Steinan i Trondheim.
Remove ads
TV
- 2014 Sanger om Norge
- 2012 Det må jeg gjøre før jeg dør
- 2007 Lyden av lørdag
- 2004 Noen bedre
- 1996- Tore på sporet
- 1998 Ja, vi elsker
- 1994 På loffen (saman med Åge Aleksandersen)
- 1993-95 Tett på
- 1992-94 Go'fot på låven
- 1988-91 Håndballjentene våre(Dokumentar om handballjentene før OL i Seoul)
- 1988-91 Det gjelder livet (Dokumentar om politimannen Birger A. Myrstad)
- 1988-91 Men hva med Stig Jomar (Dokumentar om HVPU-reforma)
- 1988-91 Velkommen hjem, Vasilij (Dokumentar om ein russisk krigsfange. Premiert i Prix Circom)
- 1989 Bevare oss vel? (enkeltståande dokumentar send 07.07.1989)
Remove ads
Litteratur
- Tore Strømøy og Finn Karlsen: På sporet av deg selv. Håndbok i slektsforskning. N.W. Damm & Sønn AS 2006. ISBN 82-04-12391-4
- 2001 Tore Strømøy : Wera, Flukten fra babij Jar (Gyldendal)
- 2003 Tore Strømøy : På Sporet (Gyldendal)
- 2004 Tore Strømøy : Liv Grete (Gyldendal)
- 2008 Tore Strømøy : Isprinsessen (Gyldendal)
- 1995-2009 Tore Strømøy m flere: Det gjelder livet (Trygghetsforlaget) 7 bind
Remove ads
Diskografi
- Ole Ivars: Juleplata tel Ole Ivars (1995)
- Gustav Lorentzen: Amadeus (1997)
- Ole Ivars: Ole Ivars' Jul (2003)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads