Åge Aleksandersen

norsk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Åge Aleksandersen
Remove ads

Åge Aleksandersen (fødd 21. mars 1949 i Namsos) er ein norsk rockeartist (songar, gitarist, låtskrivar og musikkprodusent). Han byrja karrieren sin som ein sentral artist i Prudence frå 1968 til 1975, der han var ein av opphavsmennene til den såkalla trrønderrocken gjennom at han song på dialekten sin. Seinare har Åge Aleksandersen vorte svært kjend som soloartist med støttebandet Sambandet, som han starta i 1976.

I 1980 deltok Åge Aleksandersen i norsk Melodi Grand Prix, der han kom på andreplass med songen «Bjørnen sover», som var ein kritikk av at Sovjetunionen invaderte Afghanistan. Det var med albuma Ramp (1980) og Dains med mæ (1982) at han fekk gjennombrotet sitt, og den mestseljande plata hans er Levva livet frå 1984. Totalt har han selt nesten 1,5 millionar plater, og omtrent alle albuma hans sidan 1980 har selt til gull.

Åge Aleksandersen er i dag ein av dei mest populære rockemusikarane i Noreg, og han har hatt eit breiare publikum og ein lengre karriere enn dei fleste andre i norsk rock.[1] Han har fått fleire spellemannsprisar, mellom andre heidersprisen for 1981 og for 2006.

Han har òg arbeidd som musikkprodusent, mellom anna for DDE.

Remove ads

Diskografi

  • 1975: 7800 Namsos
  • 1976: Mot i brystet, mord i blikket, Bomben und Granaten
  • 1977: Lirekassa
  • 1979: French only
  • 1980: Ramp
  • 1981: Mølje og sodd
  • 1982: Dains me mæ
  • 1984: Levva livet
  • 1984: Lys og varme (samleplate)
  • 1985: Ljus och värme (svensk versjon)
  • 1986: Eldorado
  • 1989: Solregn
  • 1990: Sanger
  • 1991: Laika
  • 1993: Din dag
  • 1995: Med hud og hår
  • 1997: Fredløs – Dylan på norsk
  • 1999: Flyg avsted
  • 2000: Gamle ørn
  • 2000: Mit danske eventyr
  • 2001: Åge Original (dobbel samleplate)
  • 2002: Linedans
  • 2005: To skritt fram
  • 2005: 4 skritt tilbake (liveplate frå 2004-turneen)
  • 2005: Gull
  • 2006: Snöharpan (med tekstar av den svenske lyrikaren Dan Andersson)
  • 2008: Katalysator
Remove ads

Utmerkingar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads