Torgeir Flekk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Torgeir Flekk
Remove ads

Torgeir Flekk (Þorgeirr flekkr) var ein norsk bonde og skald som levde i byrjinga av 1000-talet.

Thumb
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Torgeir Flekk var ein bonde frå Sul (Súla) i Verdalen som ein gong kom til kong Magnus den gode for å klage over ein urett. Han hadde vanskar med å få kongen i tale, og gjorde då eit vers[1] der han ope sette fram påstanden om at det var drottsvikarane (dróttinssvika) som trengde seg på, medan andre (som han sjølv) som kjempa i kong Olav sin hær, ikkje vart høyrt.

Episoden er nemnt i Heimskringla, i Soga om Magnus den gode[2]. Diktet skal ha gjort sitt til å vekke Magnus sitt agg mot kong Olav sine fiendar.

Remove ads

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads