Torgrim Titlestad

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Torgrim Titlestad (fødd 30. juni 1947) er ein norsk historikar og professor emeritus ved Universitetet i Stavanger.[1] Han har skrive fleire bøker om motstandskampen i Noreg under den andre verdskrigen, og biografiar om NKP-leiaren Peder Furubotn. Han var ein av de fyrste vestlege historikarane som fekk tilgang til dei hemmelege Stalin-arkiva i Moskva på tidleg 1990-tal.[2] Han har arbeidd mykje med historie tufta på munnlege kjelder. På slutten av 1980-talet hadde han eit nært samarbeid med den jugoslaviske historikaren Vladimir Dedijer.[2] På 1990-talet var han ei av drivkreftene for europeisk forsking på Stavanger-mannen Cornelius Cruys (Niels Olsen), som bygde opp den russiske krigsflåten på 1700-talet.[2] Seinare har han arbeidd mest med vikingtidshistorie.

Kjappe fakta Fødd, Nasjonalitet ...
Remove ads

Liv

Titlestad vaks opp i Bergen og var elev ved Bergen katedralskole frå 1964 til 1967. Han tok doktorgraden i Bergen i 1996 med ei avhandling om Peder Furubotn.[3]

Virke

Vikingtid

Titlestad har spesialisert seg på vikingtida og Noreg si tidlege historie og er no ein av våre fremste ekspertar på denne perioden. Siden 1990-talet har han gjeve ut fleire sentrale sagaverk som tidlegare ikke har vore tilgjengelige i moderne norsk omsetting. Han er opphavsmann til omgrepet «den konstruktive sagakritikken»[4] som syner til ei rørsle innan sagaforskinga som freistar å bruka sagatekstane som truverdige kjelder.

Han har vore tilknytt forlaget Saga Bok i ei årrekkje.[5][6][7]

Tormod Torfæus-stiftelsen

Som prosjektleiar for Tormod Torfæus-stiftelsen leia han ei internasjonal gruppe i arbeidet med å omsette Tormod Torfæus si omfattende noregshistorie frå 1700-talet frå latin til norsk – i alt åtte bind – frå dei eldste tidene fram til 1387. Prosjektet er et av de større innan humanistiske fag og fekk tildelt ti millionar kroner i offentleg og privat støtte. Verket vart lansert ved Nasjonalbiblioteket i april 2008.

Hafrsfjordspela

Titlestad er òg initiativtakar og styreleiar for Stiftelsen Hafrsfjordspillene – ein internasjonal vikingfestival i Stavanger som i 2005 og 2006 hadde rundt 30 000 åskodarar.

Leirubakki

Titlestad har representert Noreg i styret for Lærdomssetet ved LeirubakkiIsland.

Remove ads

Prisar og utmerkingar

I 2016 fekk Titlestad Sagaprisen for arbeidet sitt med å omsetja Flatøybok og gjera sagalitteraturen meir tilgjengeleg.[8]

Titlestad vart i 2017 utnemnd til riddar av Den islandske falkeordenen i samband med at den islandske presidenten vitja Noreg.

Bibliografi

Vikingtid
  • Viking Norway
  • Slaget i Hafrsfjord
  • Vikingkongen Erling Skjalgsson
  • Erling Skjalgsson – Rygenes Konge
  • Norge blir et rike
  • Kampen om Nordvegen
  • Konge mellom jarlar
  • Tormod Torfæus – ei innføring (red)
  • Harald Hårfagre og Norges Tilblivelse (red)
  • Sagakongene 1: Harald Hårfagre (2010)
  • I vikingenes fotspor : en historisk tur-guide til vikingsteder i Sør-Rogaland, Saga bok, 2010. ISBN 9788291640532
  • Norge i vikingtid : våre kulturelle og historiske røtter, Saga bok, 2012. ISBN 9788291640723
  • Sagasyn : Norges historiske kraftlinjer, Saga bok, 2013. ISBN 9788291640747
  • Olav den hellige, Spartacus, 2013. ISBN 9788243005815
  • Slaget i Hafrsfjord, Saga bok, 2017. ISBN 9788291640686
  • Flatøybok. B. 4, Saga bok, 2018. Med Elizabeth Ashman Rowe og Edvard Eikill. ISBN 9788291640860
Cornelius Cruys
  • Tsarens Admiral
  • Admiral Cornelius Cruys (red)
Den kalde krigen og anna
  • Peder Furubotn 1895-1945 (1975)
  • I kamp i krig (1977)
  • Stalin midt imot (1977)
  • Folket fortel (1982)
  • I den galna tiå (1987)
  • Stavanger – Norges røde by (1988)
  • I Stalins skygge (Doktor-avhandling) (1997)
  • Fortielsen (1997)
  • Brev til Josef Stalin (2003)
  • Kampen mot diktaturet (2006)
  • Frihetskampen i Norge – og historikerne som sviktet (2010)
Remove ads

Referanser

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads