Toropa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Toropa (russisk Торо́па) er ei elv i Tver oblast i Russland og ei av sideelvane til Daugava frå høgre. Elva er 174 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 950 km². Elva har ei middelvassføring på 14 m³/s.
Elva spring ut nær landsbyen Toropatsa i Valdajhøgdene. Elva er islagd frå midten av desember til tidleg i april. Ved elva ligg byen Toropets.
I den øvre delen av elva renn ho gjennom mange innsjøar. Dei største av desse er Iasi og Kudinskoje. Seinare renn ho òg gjennom to store innsjøar, Solomennoje og Zalikovskoje.
Elva er mykje nytta av turistar for rafting.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Торопа (река)» frå Wikipedia på russisk, den 2. november 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads