Toropets

From Wikipedia, the free encyclopedia

Toropets
Remove ads

Toropets (russisk Торо́пец) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg i Valdajhøgdene, ved elva Toropa, rundt 270 km vest for Tver.

Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...
Remove ads

Historie

Byen vart første gong nemnt i skriftlege kjelder alt i 1074. Han høyrde då til fyrstane i Smolensk. I 1167 var byen stor nok til å ha egne fyrstar. Den mest kjende av dei var Mstislav den modige. Sonesonen hans, Aleksander Nevskij, gifta seg med Aleksandra av Polotsk i Toropets i 1239.

På midten av 1400-talet hamna byen under Storhertugdømet Litauen, som måtte avstå han til Ivan III etter Slaget ved Vedrosja i 1503. Tidleg på 1600-talet vart Toropets plyndra av den polske armeen. I 1777 vart byen ein del av Pskov gubernija.

I 1935 vart byen lagt inn under Kalinin oblast (dagens Tver oblast). Byen var okkupert av Wehrmacht frå 29. august 1941 til 21. januar 1942, då han vart frigjeve under Toropets-Kholm operasjonen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads