Torridon Hills
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Torridon Hills er ei gruppe fjell rundt landsbyen Torridon i Highland i Skottland. Namnet blir brukt særleg om fjella nord for Glen Torridon.

Foto: Richard Baker
Fjella er hovudsakleg danna av torridiansk sandstein, som gjennom erosjon har gjeve eit spesielt fura særpreg til fjella.
Det er stor avstand mellom toppane, som har bratte sider med terrassar og oppbrotne ryggar med mange spissar. Det er ei rekkje djupe kløftar nedover sidene. Ryggane er godt eigna for fjellvandring og klyving, og mange stader blir det kravd ei vis klatrekunnskap.
Dei mest kjende fjella er:
- Liatlach
- Beinn Eighe
- Beinn Alligin
- Beinn Dearg
Det finst òg nokre mindre fjell mellom Glen Torridon og Strath Carron som har same særpreg:
- Beinn Liath Mhòr
- Sgorr Ruadh
- Maol Chaen-dearg
- Beinn Damh
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Torridon Hills» frå Wikipedia på bokmål, den 2. juli 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads