Torshov
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Torshov er eit sokn og strøk nord for Grünerløkka med namn etter Torshov gard.[1][2]
Namnet «Torshov» er sett saman av det norrøne gudenamnet Þórr (Tor) og hov («heidensk gudshus» eller «høgd»). Det er dokumentert som i-stad i 1370 («i þossofuue»), men er i dag på-stad. Uhistoriske skrivemåtar som Thorshoug og Torshaug kjem av at etterfestet -hov i uttala har falle saman med haug.[1][2]
Remove ads
Historie
Torshov har industriområde langs Akerselva og høyrer saman med industriutbygginga av Sagene. Lengjer aust fanst tidlegare løkker og småhus, ein forstadsbusetnad innlemma i byen 1878. Kommunen kjøpte 270 daa (270 000 m²) i 1916, og det blei oppført bustadskompleks i tida 1917–1925. Det ligg ein leigegardsbusetnad frå slutten av 1800-talet i vest. I sør og aust ligg bustadsblokker og høghus oppførte i seinare år på tomtene etter småhusbusetnaden frå 1800-talet.
Remove ads
Infrastruktur og bygningar
Vogts gate fungerer som hovudgata til strøket. Gata er trafikkert av trikkar mellom sentrum og Kjelsås. Langs Vogts gate ligg fleire kaffibarar, restaurantar og kafear.
Parkar i strøket er Torshovparken, Torshovdalen, Torshov kirkepark og Haarklous plass.
Torshov offentlege skule blei oppført i 1878. Torshov blei skilt ut frå Sagene som eiga forsamling i 1930. Torshov kyrkje blei innvigd i 1958. Torshovstrøket er skildra i Oskar Braaten sine forteljingar og skodespel.
- Torshov kirkepark
- Musikkpaviljong i TorshovparkenFoto: Gisle Hannemyr
- Kart frå 1861 som viser Torshov-gardane og den eldste busetnaden langs Sandakerveien og Akerselva.
- Kartet frå 1887 viser den eldste bybygginga på Torshov. Område med loddrett skravur blei innlemma i byen i 1859, medan områda austom Sinsenbekken (vassrett skravur) kom med i 1878.
Remove ads
Sjå òg
- Torshovbyen
Kjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads