Torstein Tynning
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Torstein Tynning (4. juni 1932–18. november 2000) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Eidanger i Telemark. Han representerte partiet Høgre på Stortinget frå 1965 til 1985. Tynning var far til journalisten Signe Tynning og morfar til Arbeidarparti-politikaren Christian Tynning Bjørnø.
Tynning var son til ein gardbrukar. Etter å ha teke eksamen ved Telemark landbruksskule i 1952, dreiv han sjølv ein gard i Eidanger frå 1952 til 1994.
Han var medlem av Eidanger kommunestyre 1959–64 og, etter kommunesamanslåing, medlem av Porsgrunn formannskap 1965–71. Tynning var formann i Unge Høgre 1963-65, medlem av sentralstyret i Høgre frå 1973 til 1985 og formann for Høgre sin programkomité i perioden 1977-81
Gjennom sine 20 år på Stortinget var han medlem av Landbrukskomiteen i den fyrste og den tredje fireårsbolken. I mellomtida, 1969-72, var han medlem i Kommunalkomiteen, og deretter, 1972/73, 1977-81 og 1984/85 medlem av den nydanna Kommunal- og miljøvernkomiteen. Dei tre sesjonane frå hausten 1981 til 1984 var han medlem av Utanriks- og konstitusjonskomiteen.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads