Torvikbukt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Torvikbukt
Remove ads

Torvikbukt er ein tettstad i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg ved Bergsøyfjorden, sør for munningen av Batnfjorden og har 269 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

I Torvikbukt ligg maling- og lakkfabrikken Gjøco AS, den største industribedrifta i Gjemnes. Her ligg også Høgtun folkehøgskole, ein kristeleg folkehøgskule med omkring 95 elevar i året.[1] Tettstaden har ein privat barneskule, Torvikbukt skule. Denne skulen vart etablert i 2009 etter at den offentlege Torvik skole vart lagt ned. Torvikbukt skule leiger dei gamle lokala til Torvik skole av kommunen.

Torvikbukt har daglegvarebutikk, småbåthamn, idrettsanlegg og barnehage. Tettstaden ligg attmed fylkesveg 666, som går mellom Batnfjordsøra og Eidsvåg.

Remove ads

Bilete frå Torvikbukt

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads