Totland kyrkje
kyrkje i Stad kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Totland kyrkje, tidlegare Totland kapell, står på Totland ved Bryggja i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1912.
Arkitektar for bygget, som har sitjeplassar til 250 personar, var Lars Sølvberg og Jens Sølvberg.[1] Kyrkja er dekorert innvendig med utskjeringar og rosemåling av Lars Kinsarvik.[1]
Frå starten til 1953 hadde gudshuset status som kapell i Rugsund sokn. Det året vart so Totland skild ut som eige sokn i Davik prestegjeld. I 1967 vart Totland sokn overført frå Davik til Vågsøy prestegjeld. Totland sokn vart nedlagd att i 2002, for då vart sokna i Vågsøy prestegjeld ihopslegne til eitt sams sokn som heiter Vågsøy sokn.[1]
Før dei fekk kyrkje på Totland sokna folk på nordsida av Nordfjorden i Davik prestegjeld til Rugsund kyrkje.
Remove ads
Kjelder
- Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Totland kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 26. februar 2021.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads