Tottenbreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tottenbreen er ein stor isbre, som er kring 65 km lang og 30 km brei, utanfor Budd Coast i Wilkes Land i den australske delen av Antarktis. Han flyt nordaustover frå innlandsisen, men svingar nordvestover ved kysten der han endar i ein kjend tunge like aust for Cape Waldron. Han vart først kartlagt frå flyfoto tekne av USN Operasjon Highjump (1946–47) og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter George M. Totten, som var sjøkadett på USS «Vincennes» under United States Exploring Expedition (1838–42), og som assisterte løytnant Charles Wilkes med å rette opp i landmålingsdata dei hadde henta inn på ekspedisjonen.
Remove ads
Forskarar som studerer effektane av global oppvarming meiner at inntrenging av sjøvatn i området kan destabilisere ein stor del av Den austantarktiske innlandsisen.[1]
Totten bretunge er ei markant isbretunge som strekkjer seg utover i sjøen frå Tottenbreen. Ho vart skissert ned frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump (1946–47) og vart namngjeven av US-ACAN i samband med Tottenbreen.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads