Touques
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Touques er ei 104 km lang kystelv i Pays d'Auge i Normandie i Frankrike. Touques er framkomeleg opp til Pont des Belges, 800 m frå elvemunningen. Ho har sitt utspring i Percheåsane sør for Gacé. Ho renn nordover og munnar ut i Den engelske kanalen mellom kommunane Deauville og Trouville-sur-Mer nordvest i departementet Calvados. To hamner, ved Trouville-sur-Mer og Deauvill, ligg på motsett side av elvemunningen.
Touques vart omleia og retta opp på slutten av 1800-talet, og dei omliggande myrområda vart tørka opp og bygd på. Trouville-Deauville-stasjonen vart bygd over det tidlegare elveleiet.
Hamna i Trouville vart gjenoppbygd på slutten av 1990-åra på grunn av erosjon.
Touques renn gjennom følgjande departement og byar:
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads