Towa Carson
svensk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Towa Carson (fødd 31. mars 1936) er ein svensk songar fødd i Eskilstuna i Sverige.[1][2]
Remove ads
Karriere
Då ho var 18 vann Carson (Carlsson) ei amatørtevling halden av Bildjournalen og folkparkane. Ho blei oppdaga av orkesterleiaren Seymour Österwall, som engasjerte henne til Nalen i Stockholm og gav henne artistnamnet «Towa» (etter kjælenamnet far hennar brukte om henne) «Carson» (ein amerikanisert variant av etternamnet Carlsson). I 1956–57 var ho vokalist i Leif Kronlunds jazz-inspirerte danseorkester på Skansen.[3]
Melodifestivalen
Carson song to av bidraga i Melodifestivalen 1967: «Alla har glömt» og «Vem frågar vinden». Desse ente på ein fjerde- og ein femteplass. I 2010 framførte ho «Alla har glömt» i pausen under Melodifestivalsfinalen. Ho vende tilbsake til Melodifestivalen 1968 med bidraget «Du vet var jag finns», som ende på ein tredjeplass.
Ved Melodifestivalen 2004 vende Carson igjen tilbake til konkurransen, saman med Ann-Louise Hanson og Siw Malmkvist med bidraget «C'est la vie», skrive av Thomas G:son. Dei konkurrerte i semifinale tre i Umeå den 6. mars, der dei fekk 97 407 stemmer og plass i finalen.. I finalen i Globen ende bidrage på ein tiandeplass (sisteplass) med sju poeng.
Remove ads
Kvällstoppen
- 1964 - Visa mej hur man går hem (Towa Carson & Lars Lönndahl) - 12#
- 1964 - Jag måste ge mej av - 3#
- 1965 - En lilja är vit (Towa Carson & Lars Lönndahl) - 13#
- 1967 - Laxå (Towa Carson & Mats Olsson) - 20#
- 1969 - Casatchok - 11#
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads