Trøyttleiksbrot
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Trøyttleiksbrot, utmattingsbrot eller stressfraktur er eit trøyttleiksindusert knokkelbrot som skuldast residiverande stress over lengre tid.[1][2][3] I staden for å bryte etter eit kraftig støyt, oppstår trøyttleiksbrota etter oppsamla trauma frå gjentekne submaksimale påkjenningar, som til dømes springing og hopping. Som følgje av dette er trøyttleiksfrakturar vanlege belastningskadar hjå atletar.[4]

Trøyttleiksbrot kan skildrast som ørsmå sprekker eller «årringar» i knokkelen.[2][5] Dei oppstår oftast i vektberande knoklar, som til dømes skinnebeinet, mellomfoten og båtbeina. Trøyttleiksbrot i lårbeinet, bekkenet og korsbeinet kan førekoma, men er sjeldan.[6]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads