Tragus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tragus er ein liten framstikkande bruskfold i øyremuslingen som ligg framføre cavum concha, og som peikar bakover mot øyregangen.[1] Namnet kjem av gresk tragos, som tydar geit, og skildrar likskapen mellom håret på tragus og skjegget til ein bukk, eller geiteragg.[2] Antitragus ligg i nærleiken og peikar framover og oppover.[3]

Tragus peikar bakover og medverkar dimed til å fange opp lyd bakfrå. Desse lydbølgjene er meir forseinka enn dei som kjem frå framsida, noko som gjer at hjernen klarar å skilje mellom lydar som kjem bakfrå og framifrå.[4]
Ved positiv fistelprøve som skuldast kolesteatom i labyrinten, kan trykk på tragus føre til vertigo eller augedeviasjon som følgje av rørsle i perilymfvæska.[5]
Remove ads
Fleire bilete
- Horisontalt tverrsnitt gjennom øvre halvdel av det venstre øyret
- Høgre øyremusling sett frå den ytre oversida av det høgre øyret
- Høgre øyremusling sett frå den ytre oversida av det høgre øyret
Sjå òg
- tragustrykk
- traguspiercing
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads