Transbajkal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Transbajkal (russisk Забайкалье, Zabajkalje) eller Dauria (russisk Даурия, Daurija) er eit fjellområde aust for Bajkalsjøen i søraustre Sibir i Russland.
Området strekkjer seg nesten 1000 kilometer over Patomplatået og Nordbajkal-platået i nord til den russiske grensa i sør. I retning aust-vest strekkjer området seg 1000 kilometer frå Bajkalsjøen til meridianen der dei to elvane Sjilka og Argun møter kvarandre.
I Det russiske imperiet var Transbajkal ein oblast som hadde regionshovudstad fyrst i Nertsjinsk og seinare i Tsjita. I dag er det meste av området delt mellom republikken Burjatia og Zabajkalskij kraj, medan ein mindre del i nord ligg i Irkutsk oblast.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads