Transsiberia av Tangerine Dream
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Transsiberia er det 64. albumet og det 23. filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i juni 1998.
Remove ads
Bakgrunn
Sommaren 1997 byrja Edgar Froese og sonen Jerome Froese ei «rar musikalsk og geografisk reise» då dei komponerte musikken for den eksperimentelle svartkvitfilmen Transsiberia om ei reise på den kjende transsibirske jernbanen frå Moskva til Vladivostok. Det er ukjend om filmen nokon gong kom ut offisielt.[1]
Albumet inneheld originale komposisjonar, utanom «The Golden Horn», som i røynda er ein remiks av sporet «Turning Off the Wheel» frå albumet Optical Race (1988), og «Ulan-Ude», som kom ut på albumet The Hollywood Years Vol. 2 under tittelen «City Monk».[1]
Remove ads
Nyutgjevingar
Berre eitt år etter albumet kom ut i juni 1998, kom det ut på ny med nytt plateomslag.
I januar 2007 vart albumet tilgjengeleg for nedlasting frå nettbutikken til Tangerine Dream. Medan alle komposisjonane på originalplata var tilskriven både Edgar Froese og Jerome Froese, var alle spora oppførte som berre komponerte av Edgar Froese på den nedlastbare grafikken.[1]
I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt design igjen og i september kom albumet ut som ein del av plateboksen The Electronic Journey.
Remove ads
Innhald
All musikk komponert av Edgar Froese
Medverkande
- Edgar Froese - komponist og musikar
- Jerome Froese - musikar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads