Travelin' Prayer

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Travelin' Prayer» er ein song av songaren Billy Joel, gjeve ut som den tredje singelen frå albumet Piano Man i 1974. Songen er ein rask, banjo-dominert song.[1] Singelen nådde 77. plass på Billboard Hot 100 og 34. plass på Adult Contemporary-lista.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Tekst og musikk

Joel skreiv «Travelin' Prayer» kring to år før han vart spelt inn for albumet.[2] Songen har fire vers og to instrumentale parti.[3] Teksten handlar om at songaren bed om at kjærasten må vere trygg til ho er attende hos han igjen.[3] Songen har element av country og går i eit livleg tempo.[3] Insturmenta på songen er mellom anna honky-tonkpiano, banjo, fele og trommer spelt med vispar.[3] Joel speler munnspel under det andre instrumentale partiet.[3] Forfattaren Ken Bielen skriv at songen er inspirert av irsk folkemusikk.[3]

Remove ads

Andre versjonar

«Travelin' Prayer» vart spelt av Earl Scruggs Revue i 1973 på albumet Rockin' Cross the Country.[4] Billboard Magazine omtalte denne versjonen som ein av dei beste på det albumet.[5] Dolly Parton fekk seinare Grammyprisen for beste kvinneleg countrysong då ho spelte songen i 1999 på albumet The Grass Is Blue.[6][7] Parton sa at ho «alltid hadde elska Billy Joels 'Travelin' Prayer', som ho meinte lånte frå rein bluegrass[8] Parton spelte nettopp songen i bluegrass-stil.[9]

Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (1974), Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads