Piano Man
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Piano Man er det andre studioalbumet av den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, gjeve ut 9. november 1973. Det var den første innspelinga til Joel for Columbia Records, Piano Man vart laga etter rettslege vanskar med det tidlegare plateselskapet hans, Family Productions, og vart gjennombrotsalbumet hans. Family Productions-logoen vart nytta på platene hans fram til 1986.
Singelen «Piano Man», ei oppdikta gjenforteljing om dagane til Joel som loungesongar i Los Angeles og folk han møtte der, nådde 25. plassen på poplista til Billboard og fjerdeplassen på Adult Contemporary-lista. «Travelin' Prayer» og «Worse Comes to Worst» nådde høvesvis 77. og 80. plass på poplista, medan sjølve albumet nådde 27. plass på albumlista. «Travelin' Prayer» gav seinare Dolly Parton ein Grammypris, då ho spelte inn songen i 1999.
Remove ads
Legacy-utgåva
Columbia Records gav ut ein dobbel versjon av plata i november 2011.[4]
Denne utgåva inkluderer eit konsertopptak frå ei radiosending i 1972. Denne radiosendinga var særs viktig for suksessen til Joel, fordi opptaket av «Captain Jack» stadig vart ønskt av lyttarane på radiostasjonen. Folk som arbeidde for Columbia Records merka seg dette og fekk skrive kontrakt med Joel.[5] På radiosendinga vart det spelt tre songar («Long, Long Time», «Josephine» og «Rosalinda») som ikkje var gjevne ut på nokre av studioalbuma til Joel.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Billy Joel
Bonusdisk 2011-utgåva
Remove ads
Medverkande
- Billy Joel – munnspel, klaverinstrument, piano, vokal
- Larry Carlton – gitar
- Eric Weissberg – banjo
- Billy Armstrong – violin
- Richard Bennett – gitar
- Rhys Clark – trommer (spor 10)
- Laura Creamer – vokal
- Mark Creamer – vokal
- Wilton Felder – bassgitar, klaverinstrument
- Emory Gordy, Jr. – bassgitar
- Fred Heilbrun – banjo
- Michael Omartian – trekkspel
- Dean Parks – gitar
- Susan Steward – vokal
- Ron Tutt – trommer (spor 1-9)
Live at Sigma Sound Studios, 15. april 1972
- Billy Joel – piano, munnspel, vokal
- Rhys Clark – trommer
- Al Hertzberg – akustisk og elektrisk gitarar
- Larry Russell – bassgitar
- Dennis Wilen – produsent
Produksjon
- Produsent: Michael Stewart
- Lydteknikar: Ron Malo
- Remastering: Ted Jensen
- Arrangør: Michael Omartian
- Design: Beverly Parker
- Illustrasjon: Bill Imhoff
Lister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads