Tregmaur
insektart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tregmaur (Myrmecina graminicola) er ein maur i tregmaurslekta. Arten rører seg på ein roleg måte og spelar daud om han vert uroa.
Tregmaur lever i opne skoglysningar eller lune skogkantar, gjerne med buskar og kratt.
Tregmaur vart fyrst funnen i Noreg i 1983 på Ostøya. Seinare er han vorten vanleg over store område på Austlandet, mogelegvis grunna eit mildare klima.[2]
Tregmaur liknar på skuggemaur i åtferd og noko på mørk sandmaur i utsjånad, men skil seg frå sistnemnde ved at tregmauren har kanta framhyrne på mellomkroppen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads