Trelleborg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Trelleborgmap
Remove ads

55°22′00″N 13°10′00″E

Kjappe fakta Land, Areal ...

Trelleborg er ein svensk by og centralort i Trelleborgs kommun i Skåne län i landskapet Skåne. I 2005 hadde byen 25 643 innbyggjarar.

Trelleborg er den sørlegaste byen i Sverige. Han fekk kjøpstadsrettar i 1257, men Trelleborg var busett alt på 700-talet. I dag er Trelleborg ein vakker industriby ved sjøen. Den viktigaste industrien er gummi (Trelleborg AB), men Trelleborg blir sett på kartet på grunn av den store hamna i byen (Trelleborg Hamn AB). Her går det båtsamband med Scandlines, TT-Line og Unity Line til Sassnitz, Rostock, Travemünde og Swinoujscie. Andre store føretak i Trelleborg er Dux og Akzo Nobel Inks (FlintGroup).

Remove ads

Historie

Thumb
Trelleborga i Trelleborg

Trelleborg er nemnd for første gong i 1257, men var busett alt på 700-talet. Namnet Trelleborg kjem frå ei trelleborg som er frå vikingtida. Borga blei oppdaga på 1980-talet, og blei restaurert på 1990-talet. Området er vidare bygd ut med eit amfiteater i 2005.[1]

Den første kyrkja i Trelleborg, St Nicolai kyrka, blei påbyrja på 1200-talet og er teikna av arkitekten Helgo Zettervall. Det blei òg bygd eit stort fransiskanarkloster i 1247 eller 1267, men det er berre små delar av grunnmuren som framleis står på Gamla torg.

Trelleborg blei med på flyttelasset då den danske prinsessa Sophia gifta seg med den svenske kongen Valdemar Birgersson. Trelleborgarane byrja då å betale skatt til Sophia og Valdemar.

Remove ads

Galleri

Sjå òg

  • Trelleborgs FF

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads