Gdynia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gdynia[a] er ein by i Pommerske voivodskap i Polen og ei viktig hamn ved Gdańskbukta på sørkysten av Austersjøen.
Han ligg i regionen Kasjubia i Aust-Pommern og er ein del av eit storbyområde i lag med kurstaden Sopot, byen Gdańsk og fleire forstader, som i lag dannar storbyområdet Trippelbyen (Trójmiasto), som har over ein million innbyggjarar.
Gdynia fekk byrettar i 1926, og er ein av Polens yngste byer. Han har status som distriktsnivåby.
Remove ads
Historie

Foto: Tomasz Kolowski

Foto: Marek Kwidziński
Namnet «Gdynia» vart for første gong nytta i 1253 om ein kasjubisk fiskeby. I 1789 var det 21 hus i landsbyen. Som del av Pommern var han ein polsk provins frå om lag 990 til 1308. I 1309–1310 vart han erobra av Den tyske riddarordenen (1309–1454/66), men vart så del av Det kongelege Preussen i Kongedømet Polen (1466–1772). Under den første delinga av Polen i 1772 vart han annektert av Kongedømet Preussen (1772–1870), og vart seinare som del av Preussen del av Det tyske keisardømet (1870–1920). I 1870 hadde landsbyen Gdingen 1200 innbyggjarar.
Etter Versailles-traktaten 1919 vart Gdynia saman med andre delar av det tidlegare Vest-Pommern ein del av den nye Republikken Polen. I 1921 starta konstruksjonen av ei sjøhamn i Gdynia, som vart utvikla til den viktigaste hamna i Den polske korridoren. Byen vart bygd seinare enn sjøhamna, og fekk byrettar i 1926. Gdynia byrja å vokse kraftig etter 1928 med ein folkesetnad på på 120 000 i 1939.
Byen og sjøhamna vart erobra og annektert av Nazi-Tyskland i september 1939 og gjeve namnet Gotenhafen. Om lag 50 000 polske innbyggjarar vart fordrive til Generalguvernementet og eigedommane deira konfiskert og gjeve til tyske nybyggjarar. Hamna vart i stor grad øydelagd då tyske tropper trekte seg tilbake i 1945 (90 % av bygningane vart øydelagd). I byen vart òg den tyske konsentrasjonsleiren Gotenhafen bygd, ein underleir av Stutthof. I 1945 vart byen erobra av sovjetarar og innlemma i det polske Gdańsk-voivodskapet.
Gdynia er vennskapsby med Kristiansand.
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads