Trooping the Colour
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Trooping the Colour er ein militær seremoni som blir utført av British Army og regiment frå Samveldet. Det er ein tradisjon som går tilbake til Karl II si tid. Colour er her ei regimentsfane, som i tidlegare tid blei nytta som samlingspunkt på slagmarka. Kvart regiment hadde i tillegg til symbola sine ein eigen farge eller kombinasjon av fargar på fana, slik at han lett kunne kjennast igjen når det står på som verst.


Fanen blei eit symbol på bandet regimentet hadde til monarken, eit symbol for regimentet og eit symbol for falne kameratar. Tapet av ei fane var ei stor skam, og tilsvarande var det ei stor ære å erobra ei av fanene til fienden. Det var berre bataljonar frå infanteriregiment som bar faner på slagmarka. Artilleriet hadde kanonane som samlingspunkt, og rifleregimenta brukte ikkje den tradisjonelle linjeformasjonen og brukte derfor trommer i staden.
I seremonien blir bataljonen stilt opp i kompani, og faneberaren og vaktene hans marsjerer, engelsk troops, mellom rekkjene slik at alle kan sjå at fanen er intakt. Dette blei gjort før og etter kvart slag, og ein har halde på seremonien sjølv om han ikkje lenger har ei praktisk tyding sidan fana ikkje lenger blir boren i kamp.
Remove ads
Trooping the Colour i London
I Storbritannia blir seremonien knytt spesielt til markeringa av den offisielle fødselsdagen til monarken, med ei tilknyting tilbake til 1748. Sidan 1820 har han vore fastlagd som ein årviss seremoni, medan han tidlegare blei utført med ujamne mellomrom. Unntaka er dersom det er svært dårleg vêr, dersom det er landesorg eller dersom det er andre spesielle omstende.[1] Edvard VII, som var fødd i november, la markeringa til mai eller juni, ettersom dette er ein av dei mest stabile månadene med omsyn til vêret.
Under seremonien ærar Household Division og King's Troop monarken. Det blir halde ein parade på The Mall til Buckingham Palace, med militærkorps og divisjonen. Det er også ein salutt med 41 skot frå Green Park og Royal Air Force flyg over. Etter seremonien følgjer det vanlege vaktskiftet til garden.
Dronning Elizabeth II var til stades kvart år bortsett frå i 1955, då ein jernbanestreik hindra henne frå å nå fram til London i tide. Frå 1951 til 1986 reid ho sjølv i paraden.[2] Ved eitt tilfelle blei ho utsett for eit attentatforsøk på veg til seremonien. På 80-årsdagen hennar i 2006 blei seremonien utvida med ei større overflyging og ein feu de joie.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads