Tropisk skog
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tropisk skog er skogkledde økoregionar med tropisk klima, det vil seia landområda som er avgrensa av den nordlege vendekrinsen og den sørlege vendekrinsen, men kanskje også påverka av andre faktorar som dominerande vindar. Nokre tropiske skogtypar er vanskelege å kategorisera. Medan skog i tempererte område kan kategoriserast på grunnlag av trekronedekket, verker ikkje slike kriterium så godt i samband med tropiske skogar.[1] Det finst ikkje ein einskild standard som definerer kva ein skog er, i tropiske regionar eller andre stadar.[1][2] På grunn av desse vanskane varierer informasjonen om omfanget av tropiske skog mellom ulike kjelder. Dei tropiske skogane er likevel store, og utgjer litt under halvparten av skogane i verda.[3] Dei tropiske områda har den største delen av skog i verda (45 %), følgd av boreale, tempererte og subtropiske område.[4]
Remove ads
Typar av tropisk skog
Ein tenker seg gjerne tropiske skogar som eviggrøne regnskogar[2] og fuktige skogar, men desse står for berre ein del av desse skogane (avhengig av korleis dei er definerte - sjå kart). Dei andre tropiske skogane er eit mangfald av mange ulike skogtypar, inkludert: Open eukalyptus-skog, tropisk barskog, savanne (t.d. Sahel-skog) og fjellskog,[5] der dei høgare områda er skyskog. Sjølv over relativt korte avstandar kan grensene mellom desse bioma vera uklare, med ekotonar mellom hovudtypane.
- Økosoner av tropisk skog (FAO)
- Tropeskogområde frå SN sin rapport FO FRA2000.
- Tropiske klima-undertypar (Köppen-klassifisering): ██ Af—Tropisk regnskogklima,██ Am—Tropicsk monsunklima██ Aw—Tropisk savanneklima
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads